Billettinformasjon

Som eit særskilt smitteverntiltak må billettkjøp no gjerast på nett.

Billettkjøp på internett

På nettsida vår tilbyr me enkel og sikker kjøp av billettar, berre trykk "Kjøp"-knappen på ønskja arrangement. Du får då ein billett på mobilen, eller du kan skrive den ut heime.

Merk at det for kinoframsyningar er sal av billettar 7 dagar før framsyninga.

SMITTEVERNTILTAK

Me oppmodar om billettkjøp på nett til kino, teater og konsertar. Her vil du bli beden om å registrere det slik at du kan kontaktast i fall smitte av covid 19. Me sel berre nummererte billettar. Ein familie kan t.d. sitja saman men dette må gjerast i EITT kjøp. I Kulturhuset ønskjer me kontantlaus betaling, men aller helst vil me at du kjøper billett på nett.

Me ber om at du ikkje oppheld deg unødvendig i vestibylområda. Me ber om at du vaskar/spritar hender og held minst ein meters avstand. Mints ein meters avstand skal det også vere ved innslepp til og utslepp frå salen.

Dersom du er i karantene, kjenner deg sjuk eller har symptom på sjukdom må du halda deg heime.

Velkomen til gode og trygge kulturopplevingar i lag!

LEDSAGERBEVIS

Ordningen for gratis billett til ledsager, for personer som har fått innvilga dette gjeld på alle arrangementer og kinoframsyningar i Kulturhuset Husnes. Billett til ledsager tilbys gjennom billettsystemet, éin billett pr billettkjøp for den som har rett til dette.

Merk at ledsagerbevis vert krevd vist  ved innslipp / billettkontroll.

Ved problemer med billettkjøp:

Oppstod det problem med billettkjøp, eller du har spørsmål knytt til ditt billettkjøp kan du finna mer info på eBillett sin hjelpeside (ekstern lenke).

Refusjon av billettar

Betalte billettar vert ikkje refundert. Dette gjeld både ved kjøp på internett og kjøp direkte i billettluka. Det er ingen angrerett på billettkjøp i høve angrerettlova §19. Betalte billettar kan ikkje byttast til ei anna framsyning , eller til eit anna tidspunkt enn det som står på billetten. Ved avlyste arrangement vil du få attenda verdien på billetten, eller få billett til ei anna framsyning.