DEL 1: HUSNESOMRÅDET – GAMAL HISTORIE FRÅ 1500-TALET OG TIL VEDTAK OM AL-VERK

Om arrangementet

DEL 1: HUSNESOMRÅDET – GAMAL HISTORIE FRÅ 1500-TALET OG TIL VEDTAK OM AL-VERK

Husnes Utvikling er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Den franske filosofen Simone Weil har sagt: «Dersom ein ikkje kjenner fortida, forstår ein ikkje notida, og eignar seg heller ikkje til å forma framtida.» Vi ønskjer å leva opp til dette og vil difor å stå som arrangør av følgjande: Åsmund Kåre Rørvik har laga og halde to føredrag i Senioruniversitetet om Husnes sin gamle historie og dei store endringane frå 1962 og utover. Husnes Utvikling vil no gjera desse føredraga tilgjengelege for alle interesserte ved å arrangera dei på ettermiddagen kl 18:00 i kinosalen, Kulturhuset Husnes to datoar i April. Vi vonar dette vil vera med å byggja identiteten til Husnes og engasjera til vidare samhald og engasjement for alle dei som bur i området. Dette er kort omtale om første del:

DEL 1: HUSNESOMRÅDET – GAMAL HISTORIE FRÅ 1500-TALET OG TIL VEDTAK OM AL-VERK.

Tysdag 14.04.2026 kl 18:00 i kinosalen i Kulturhuset Husnes vil Åsmund Kåre Rørvik fortelja om, og visa ein presentasjon med bilete/illustrasjonar frå Husnesområdet si tidlegare historie frå 1500-talet og fram til 1962. Inngang vaksne kr 100, born under 16 år går gratis. 

Åsmund Kåre er fødd og oppvaksen på bureisingsbruket Lyngstad, garden som ligg mellom hovudvegen i Onarheimslio og Hydro. Han bur der og i dag som nær nabo til aluminiumsverket. Dette er noko av det vi får høyra og sjå om: Kva aktivitetar, institusjonar og samfunn var det her i tidlegare tider? Korleis var det i 1962 då storindustrien brått kom? Vidare vil han fortelja om bakgrunnen for at det kom aluminiumsindustri til bygda og den politiske prosessen rundt det. Dette førte til mykje «bruduljar» på stortinget, og «Husnes-saka» vart eit nasjonalt politisk omgrep på denne tida med omtale i alle avisene i landet. Presentasjonen vert avslutta med kart over dei 24 fine heimane og dei 4 feriebustadane i industriområdet (ekspropriasjonsområdet). Dei som budde der fekk på kort varsel melding om at dei måtte flytta ut, at bygningane skulle rivast og at hagar og områder som dei hadde dyrka og stelt med skulle jamnast med jorda. Dette var starten på ei vanskeleg og uventa tid for dei fleste.

Del to handlar om tida frå 1962 og utetter 60-talet og vil verta halde torsdag 23.04.2026 på same stad kl 18:00. Sjå nærare omtale.