DEL2: HUSNESOMRÅDET – STORINDUSTRIEN KJEM I 1962 MED STORE ENDRINGAR

Om arrangementet

DEL2: HUSNESOMRÅDET – STORINDUSTRIEN KJEM I 1962 MED STORE ENDRINGAR

Husnes Utvikling er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Den franske filosofen Simone Weil har sagt: «Dersom ein ikkje kjenner fortida, forstår ein ikkje notida, og eignar seg heller ikkje til å forma framtida.» Vi ønskjer å leva opp til dette og vil difor å stå som arrangør av følgjande: Åsmund Kåre Rørvik har laga og halde to føredrag i Senioruniversitetet om Husnes sin gamle historie og dei store endringane frå 1962 og utover. Husnes Utvikling vil no gjera desse føredraga tilgjengelege for alle interesserte ved å arrangera dei på ettermiddagen kl 18:00 i kinosalen, Kulturhuset Husnes. Vi vonar dette vil vera med å byggja identiteten til Husnes og engasjera til vidare samhald og engasjement for alle dei som bur i området. Første del om gamal historie og prosessen fram mot storindustri vart halde tysdag 14.04.2026. Dette er kort omtale av andre del:

DEL2: HUSNESOMRÅDET – STORINDUSTRIEN KJEM I 1962 MED STORE ENDRINGAR

Torsdag 23.04.2026 kl 18:00 i kinosalen i Kulturhuset Husnes vil Åsmund Kåre Rørvik fortelja om, og visa ein presentasjon med bilete/illustrasjonar frå denne tida. Inngang vaksne kr 100, born under 16 år går gratis. Åsmund Kåre er fødd og oppvaksen på bureisingsbruket Lyngstad, garden som ligg mellom hovudvegen i Onarheimslio og Hydro. Han bur der og i dag som nær nabo til aluminiumsverket. Dette er noko av det vi får høyra og sjå om: Denne gongen vil han fortelja om dei store endringane i Husnesområdet frå då industrireisinga starta i 1962 og utover på 1960-talet. Først vil han visa ca 40 fine flybilete av, og fortelja litt om, alle heimar og hytter i området Løvvik, Aksnes, Langgåt, Langaneset, Øyranger, Risnes, Onarheim, Bogsnes, Helland og Askedåso. Bileta er tekne av Fjellanger-Widerøe i mai 1962, før dei som budde her visste kva som ville hende. Så fortel han om tida frå 1962 og utover på 60-talet. 24 fine heimar og 4 hytter sentralt i dette området måtte frå-flyttast på kort varsel for deretter å verta jamna med jorda. Det starta med stor uvisse og utryggleik for mange med tvangsavståinga (ekspropriasjonar) av heimar og områder. Kvar skulle dei som måtte flytta byggja seg nye heimar? Deretter vil han fortelja om, og syna bilete frå anleggstida med dei store fysiske endringar. Og kva med lokale/sentrale styresmakter si rolle i å tilretteleggje bustader og infrastruktur for dei som skulle flytta her til og arbeida på al-verket?