Gard Nilssen & Kjetil Møster - Husnes Jazzklubb
Billetter
Om arrangementet
Konsert med Gard Nilssen & Kjetil Møster - Husnes Jazzklubb - dørar kl 19, konsert kl 20
Fredag 13.mars får Husnes Jazzklubb besøk av to av Noregs fremste jazzprofilar:
Kjetil Møster (saksofonar) og Gard Nilssen(trommer).
Det skjer i Kulturhuset Husnes.
"Gard Nilssen og Kjetil Møster har vore sentrale namn på den norske jazzscena i ei årrrekkje. Dei har begge hatt travle karrierer og nytt stor suksess nasjonalt og internasjonalt. Kvar for seg spelar dei i fleire ulike jazzband som The Core, Bushman's Revenge, Møster!, Cortex, The End og Team Hegdal. Dei har også markert seg langt utanfor jazz-menigheten med artistar som Lars Vaular, Susanne Sundfør og Thomas Dybdahl. Dei siste åra har Gard og Kjetil spelt mykje saman både i Gard Nilssen's Acoustic Unity og i Supersonic Orchestra. I desse prosjekta har dei verkeleg funne tonen - og takten - iallfall nok til at dei to toppmusikarane innen jazz har bestemt seg for å gå vidare med eit eksklusivt duo- samarbeid som no er klar for vestlandsturné!
Husnes Jazzklubb ser fram til å presentera
Gard Nilsen på trommer og Kjetil Møster
på saxofon i Festsalen 13. mars.
