Greg Niemczuk, klaver : "Hyllest til Beethoven 250 år"

Om arrangementet

Den polske mesterpianisten Greg Niemuczuk kjem til Kultursenteret sin konsertsal (kulturskulen) søndag 6. desember med "Hyllest til Beethoven" 250 år .

Greg Niemczuk har vitja Kvinnherad kultursenter to år på rad. Konsertane har vore ein suksess og publikum har ønska å få han tilbake. Det gjer han i desember og då er det Beethoven som står på programmet.

I 2020 er det 250 år sida Ludvig van Beethoven blei født og dette jubileet vil verta feira over heila verda. Og Greg Niemczuk vil sjølvsakt vere med å markera denne giganten innan den klassiske musikken - på Husnes.

Greg Niemczuk gjer det ved å henta fram ein del av Beethoven sine mest kjente og mest populære verk for piano. Sjølv om Greg er mest kjend som Chopin-tolkar elskar han å spela og tolke Beethoven. Og den store tyske komppnisten har ikkje minst ein eion spesiell plass i Greg sitt hjarta. Han har t.d. alle Beethoven sine pianokonsertar på sitt repertoar.

Sjølv om Greg turnerer og spelar heile verda rundt - spesielt i Kina, Japan og Sør-Amerika - har han fått ein heilt spesiell tilknytning og kjærleik til Noreg. Dette året skulle han gjennomføra heile 3 store surnéar her i landet og halda til saman over 30 opne konsertar i Noreg - i tillegg til meistarklassar (delar av turneane vart avlyst pga. coronaviruset). Dette gjer Greg Niemczuk uoffiisielt til den mest turnerande pianisten i Noreg.