Haugespor : Skaparånd, spetakkel .... og strikkepinnar

Om arrangementet

NB!NB! Grunn av covid19 situasjonen i kvinnherad er arrangementet flytta til 24. mars 2022 kl. 1800 HAUGESPOR Gjer deg klar for ein humoristisk historietime i kinosalen på Husnes, første torsdag i desember. Fire av sokneråda i Kvinnherad har gått saman og invitert Ryfylke Livsgnist til kommunen. Dei har tidlegare vitja Kvinnherad både med «Luther med latter» og «NÅDE». Denne gongen inviterer dei oss med på eit jubileumsspel i Hans Nielsen Hauge sine fotspor - 250 år etter hans fødsel.

 

Kvifor eit jubileumsspel om Hans Nielsen Hauge?

Vil du læra, le og bli riven med? Av myndige bondekoner, sjølvgode potetprestar, håplause lensmenn og trongsynte pietistar? Hans Nielsen Hauge og haugianismen er ein himmelsk lapskaus av kvardagsliv, åndsliv, næringsliv, fattigdom, rikdom, konfliktar og omsorg. Haugerørsla har sett djupe spor i landet generelt og Vestlandet spesielt. Ryfylke Livsgnist presenterer eit historisk og humoristisk skråblikk på haugianismen, 250 år etter Hauge sin fødsel. Me trur at jubileumsspelet kan hjelpa oss til å sjå kvifor me blei som me blei her i landet.

Bli med tilbake til perioden 1796 til 1842, og opplev kva som skjedde i bygd og by i landet og på Vestlandet - med ein hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front. Møt dei som var med og mot, forfølgjarar og etterfølgjarar. Musikalske perler, gripande situasjonar og gapskrattande scener kjem på løpande band. Fire skodespelarar og musikar speler 30 roller i løpet av halvannan time. Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstynga predikantar og lystige haugianarar.

Idé og manus: Tor Øyvind Skeiseid

Musikk: Aril Schøld

Medverkande: Silje Vignes Flesjå, Svanhild Eggebø Spanne, Tolli Frestad, Aricl Schøld og Tor Øyvind Skeiseid

I samarbeid med Peppes på Husnes kan me og tilby ein pakkepris, der du kan få med deg både forestillinga og pizzabuffé på Peppes i forkant av arrangementet.

Billettar kjøper du på kulturhusethusnes.no eller ved inngongen.

Hjarteleg velkommen i Kulturhuset Husnes torsdag 24. mars kl. 18.00.

Førestillinga er eit sambarbeid mellom Kvinnherad sokneråd, Uskedal sokneråd, Fjelberg og Eid sokneråd og Husnes og Holmedal sokneråd.