Helsesista : Open Informasjonskveld

Om arrangementet

Open informasjonskveld

Tale Maria Krohn Engvik held føredrag om psykisk helse og digital kommunikasjon. Føredraga er både for barn og unge,  for vaksne som arbeider med barn og unge og på ulike vis har med  unge å gjere – og det kan jo vera jo mange av oss. Ho snakkar om korleis ho skapar nærleik og lagar godt innhald gjennom digital kommunikasjon.

I føredraget snakkar ho om emne mange unge tek kontakt med ho om: tankar og kjensler om seg sjølv og andre, om kropp prestasjonar og status, og når alt blir kaos. Det handlar om kven ein vel å vera i møte med andre menneske, om kommunikasjon og forståing. Ho ynskjer å inspirere, få publikum til å tenkje, og til sjølv å «våge å være».

Dette arrangementet markerer Verdsdagen for psykisk helse i Kvinnherad.

Billettar kan hentast på biblioteket ev. bestillast/takast ut på https://checkout.ebillett.no/148/events/4358/purchase

Arr:
Kvinnherad bibliotek, Kvinnherad kommune, Mental helse, Valen sjukehus, Folgefonn DPS Helse Fonna og FoU-eining for samhandling (www.fousam.no)