Motivasjonsføredrag med Øystein «pølsa» Pettersen:

Om arrangementet

Det er frivilligheitas år og me vil markere dette med å invitera frivillige i Kvinnherad til gratis motivasjons føredrag med Øystein «Pølsa» Pettersen i kinosalen på Husnes 07 oktober kl. 17.00

 

Etter nokre tunge år med covid er det mange som treng litt påfyll og ein liten boost i kvardagen. Me håpar Øystein kan vera med å gi oss nettopp dette.  Han har er kjent for å tilpassa føredraga sine til målgruppa og han har fått ei bestilling på å motivera og inspirera frivilligheita i Kvinnherad kommune.

«Øystein starta karrieren som skiløpar i 1999 då han gjekk på idrettslinja ved Bjerke vidaregåande skule i Oslo. Øystein valte å satse på skisport og utmerka seg som ein svært dyktig atlet. Han tok OL-gull i lagsprint under OL i Vancouver med Petter Northug. Han har seinare vunne fleire medaljar rundt i verda.

Som idrettsutøvar og person er Øystein opptatt av å ikkje la seg kue av kva meiningar andre har. Øystein lev i trua om at utvikling skjer berre dersom ein tør å skilja seg ut og gjera noko anna enn resten. Forskjellen på eit godt eller dårleg miljø ligger ikkje i tilgang på kunnskap, ressursar eller folk, men i summen av kva alle som tar i del i miljøet tar med til bordet kvar dag.

Mange har kanskje blitt betre kjend med han gjennom programma 71 grader nord og Mesternes Mester, der han imponerte stort i mange øvelsar og ikkje minst med sin væremåte og «mindset». I tillegg delte han mange følelsesmessige historiar om både oppturar og nedturar i livet.

I 2022 ga han ut boken «Helt konge! – Ein dritenkel metode for alle som vil lykkes med alt de gjer!» (Gode dagar), og hans nyaste foredrag baserer seg på nettopp KONGE-metoden, som har skapt mye merksemd.

Tema i foredraga til Øystein er merksemd rundt mål, handlingar, vanar, tankar, prioriteringar, verdiar, energi, tid og standardar. Han vil at alle skal vite kvar dei vil og kvifor.»

Her kjem ein videohelsing frå Øystein Pettersen :  https://www.youtube.com/watch?v=YGCiC0QZfok