Jazzklubben: Knyst - konsert

Om arrangementet

Husnes Jazzklubb: Konsert med bandet Knyst

Dørar kl 19

Konsertstart kl 20

KNYST i Festsalen
Laurdag 11. april spelar Trioen "KNYST" i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Trioen med Kasper Værnes, saxofon, Christian Meaas Svendsen, bass og Andreas Wildhagen, trommer skapte furore for eit drygt tiår sidan og kniva mellom anna om seieren i jazzintriofinalen. Deretter la dei kontinentet for sine føter for så å gje ut ei debutskive som læt kuler og krut. Av ymse grunnar vart det med dette og musikarane gjekk kvar til sitt.

Etter å ha blitt booka inn som eit overraskingsband i ein 50-årsdag for litt sidan til stor suksess der lovorda hagla, bestemte trioen seg for å følgja opp suksessen.

Musikken er den «samme» som for 10 år tilbake. Små komposisjonar som fungerer som springbrett til å spela, musisera og løfte kvarandre opp. Formene er hentet fra 40-tallet og mykje av materialet fra 60-talet medan innhald og improvisasjonar er henta frå vår tid og heilt tilbake til starten av verda sine musikalske uttrykksformer. Virtuost og jazzy med tydelege tendensar til friare utskeiingar. Mest av alt er det "ramla av-stolen-groovy" og latterleg swingande på sitt aller beste. Lange saxsoloer utan repeteringar med eit drivande og kreativt komp. I denne musikken har disse tre sine røter, sitt opphav. Her føler dei seg heime, og det er vanskeleg å ikkje bli dregen inn i varmen heiter det i omtalen.

Husnes Jazzklubb ser fram til å presentera denne eminente trioen for publikum.