Jubileumskonsert - Husnes Jazzklubb 45år
Billetter
Om arrangementet
Jubileumskonsert - Husnes Jazzklubb 45år
Mat og velkomstaperitiff inkludert i billettprisen
Husnes Jazzklubb inviterar til 45- års jubileumskonsert i Kulturhuset Husnes med eit fullspekka program.
To band vil opptre.
Husnes Blueslag vil gjenoppstå for anledningen. Dei stiller med nesten heile orginalbesetningen og vil framføra drivande gode bluesklassikarar.
I tillegg kjem det norske jazzrockbandet Cutting Edge. Musikken deira er kjenneteikna som jazz med rockens verkemiddel – melodiske låtar med rytme, trøkk og volum.
Innimellom dei musikalske innslaga vil det også bli litt andre innslag og gode høve til mingling og sosial hygge.