Kriminell aften med Agnes Lovise Matre og Geir Tangen
Billetter
Om arrangementet
Blir det dobbeltmord på biblioteket i kveld?
No kjem nemlig krim-ekteparet Geir Tangen og Agnes Lovise Matre til oss for å snakke om bøkene sine. Begge skriv populære og spennande krimbøker der handlinga går føre seg på Vestlandet, Tangen sine i Haugesund og Matre sine i Hardanger. Agnes Lovise Matre debuterte i 2013 med den skjønnlitterære boka “Stryk meg over håret”. I 2017 kom den første krimboka “Skinnet bedrar”, medan mannen gjekk rett på krimmen. Debutboka hans Maestro vart ein liten sensasjon, og suksessen held fram i titlar som Hjerteknuser, Død manns tango, Vargtimen.
Begge er aktuelle med nye krimbøker i 2023, Tangen med Hundedager og Matre med Fritt vilt.
Er du, som oss nysgjerrig på korleis desse to jobbar fram krim-bøkene sine? Ta deg ein tur på biblioteket då, vi har tru på at dette blir ein artig kveld med god stemning.
Sal av forfriskningar
Bill: 100;-