Kvinnheradkonferansen 2022

Om arrangementet

TEMA: Skap deg ein betre arbeidskvardag

På konferansen får du på rekke og rad gode foredragshaldarar som inspirerer og gir deg gode råd korleis arbeidsdagen din kan bli lettare og meir inspirerande. Korleis kan du utvikla deg som leiar?

Korleis kan du som kollega bli ei betre utgåve av deg sjølv og dermed bli betre kollega? Du vil få heilt konkrete idear og mål du kan setja deg for at du kan utvikla deg og bedrifta di. Konferansen er både for eigarar, leiarar og tilsette. Alle vil ha god nytte av denne konferansen. Glede deg for dette blir ein dag spekka med gode idear for arbeidskvardagen din.