Marius & Farius - 2.juledagsfest!

Om arrangementet

Marius & Farius band - 2.juledagsfest!

2.juledag bryt Marius&Farius julefreden med eit brak og inviterer til romjulsfest i Kulturhus Husnes (Festsalen).

Med seg har dei fullt band, frisk energi og ei rykande fersk speleliste som er laga for å få både dansefoten og songstemma i arbeid.

Dette er kvelden der du kan ta med deg vennegjengen, sleppe deg laus etter tre dagar med pinnekjøt, riskrem og familieselskap — og heller nyte ein kveld med dans, allsang og akkurat den typen romjulsstemning me alle treng.

 

Marius Sjo - Gitar og Vokal

Remi "Farius" Sjo - Trommer

Frode Hammersland - Bass

Roald Kaldestad - Gitar, Mandolin

Fredrik Horn - Tangentar