Overrasking!

Peppa Gris, kjend frå den suksessrike TV serien, kjem no LIVE på scenen for første gong i Noreg! Den britiske animasjonsserien om grisen Peppa og hennar familie er blitt ein enorm suksess hos små barn over heile verda, og produsentane av serien har laga 420 episodar. Dette gjer Peppa til den mest strøyma tv-serien i Noreg på mange år!

Her kjem ein overraskande familiemusikal med den søte grisen og alle venane hennar. Det blir ein kjempefest! Girlandere og ballongar fyller heile rommet! Dette blir ein veldig spesiell dag, Mamma Gris og Pappa Gris har ei stor overrasking, men Peppa anar ikkje kva det kan vere. Gjer du?

Bli med Peppa på hennar eventyr i denne familiemusikalen med song, dans, mykje humor og store gjørmete sølepyttar. Dei søte handdukkene, den fargerike naturen og sjølvsagt mange spanande overraskingar gjer showet til ein stor fest for heile familien!

Og du – sjølvsagt blir det mogleg å treffe Peppa og ta eit nydeleg bilete og få ein stor klem etterpå!

Produsent: Big Bear Entertainment AS

Nordisk regi: Bjarni Thorsson
Original regi: Mark Haayema
Koreografi: Stijn Mac Gillavry
Dukke-regi: Koen Iking
Manus: René Noorderveen
Norsk oversetting: Elisabeth Bjørnson
Musikk: TMT Productions
Dukker: Kathelijne Monnens og Joris van Veldhoven
Scenografi: Van Hoorne Entertainment
Rettar: Astley Boker Davies Ltd og Entertainment One UK Ltd.

Medverkande: Ane Eikemo, Christine Leer-Salvesen, Kyrre Vanebo, Mattis Johannessen og Liv Natalie Nymo.

Framsyninga varer 55 minutt utan pause.