Plantebonanza med @arcticgardener

Om arrangementet

Lurar du på korleis du kan lukkas med grøne plantar? Korleis du kan skape ein god heim gjennom å ta med naturen inn i stua di?

 Vi inviterer til føredrag med populære Anders Røyneberg, som er kjent som @articgardener på Instagram også kjent frå NRK og TV2 God morgen Norge. Han har skrevet bøkene PLANTELYKKE og PLANTEBONANZA 

Foredraget bugnar av grøn inspirasjon og bilete av frodige rom. Tips til godt vinterstell får du også. Hans kjæraste Erik Scherven er medforfattar på bøkene og sidekick på føredraget. Dei har med ein grøn giveaway til ein heldig publikummar. Det vert sal og signering av bøker for dei som vil og god høve til å stille spørsmål om plantepleie og få deiras beste grøne tips.  

Bill 100;- Sal av forfriskninger