Sosial inspirasjonssamling for landbruket - Med middag! I Rådhuset (Rosendal)

Om arrangementet

Rådhuset: SOSIAL INSPIRASJONSSAMLING for landbruket – med middag!

SOSIAL INSPIRASJONSSAMLING
for landbruket – med middag!

BLI MED PÅ SOSIAL INSPIRASJONSSAMLING 21. MARS!  

Vi vil med dette ønske alle som er tilknytt landbruket i Kvinnherad til ein inspirerande ettermiddag/kveld 21. mars. 

Ein landbrukseigedom er ein stor ressurs som kan nyttast på ulike måtar. Både eigedomane og eigarane av landbrukseigedomar er ulike, så denne ettermiddagen har vi invitert ulike produsentar til å fortelja om sine produksjonar.  

I tillegg til  inspirerande innlegg har vi tenkt at denne ettermiddagen og middagen om kvelden skal vera eit fint høve for dykk som jobbar i jordbruk og skogbruk i Kvinnherad å få møtast, bli kjent, utveksla idéar og planar framover. 

Vi håpar på stort oppmøte frå bønder og skogeigarar i heile kommunen!  

Vi startar  kl. 15 på rådhuset og har ei sosial og kjekk økt der før vi bevegar oss til Rosendal fjordhotel, der Jon Aga har førebudd ein god 3-rettars middag til oss med så mykje lokal mat han har fått tak i. 

Altså: Velkommen til alle i landbruket! 

Vi på landbrukskontore ser fram til å møta dykk!  

Påmelding innan 18. mars. 

 

Bli med, treff kollegaer og bli inspirert av folk som driv med ulike produksjonar på garden sin!

DESSE KJEM:
• Børve Gard – bringebærproduksjon
• Lyngre Livsgard om oste- og kefirproduksjon
• Tveit Søndre Gardsmat – gardsslakteri
• Vaage Gartneri – frukt/grønt og skog
• AT Skog / Framtre om skog
• Nortura om svineproduksjon

Laurdag 21. mars
Kl. 15.00 i Rådhuset og etterpå middag med lokalmat på Rosendal Fjordhotel

Påmelding: innan 18. mars
Lenkje: https://checkout.ebillett.no/148/events/5602/purchase 
Eigenandel: kr. 100,- Meld deg på og betal i lenkja