TEATER VESTLAND : Gratis og uforpliktande verdivurdering - Husnes

Billetter

Om arrangementet

Nokre-og-førti år gamle Hanne bur saman med Andreas og to små born i ei leilegheit som ho vil seie er perfekt for studentar eller einsleg.

Så dukkar draumehuset i sjølve draumegata opp på finn.no. Hanne har studert nabolagsprofilane for heile byen, og ingen har betre nabolag enn her. Det eri ein ressurssterk bydel med godt utbygde idrettsanlegg og ein høg andel sosialisiske veljarar. Dei tenker ikkje berre på seg sjølve her, nei!

Viss dei berre får kjøpt det huset, skal ho starte dagen i treningsklede. Ho kjem til å bli så sprek at ho har overskot til alle. Heilt umerkeleg vil ho smelle saman ei røre og servere sveler til alle ungane, og naboane vil vere så gode venner at det er naturleg å ha grillfest samane. Og viss ho berre finn den rette eigedomsmeklaren, vil dei ikkje då få betre takst på leilegheita og "ja" til nytt huslån?

Vi følger Hanne og Andreas i dagane fram mot bodrunda. Fleire spørsmål melder seg: Kven er det som eigentleg har dratt lasset i alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet til å henge saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei?

"Gratis og uforpliktande verdivurdering" er basert på boka til Marit Eiemo, ein knakande god pageturner om moderne, norsk kvardagsliv.

Kunstnalrleg lag

Forfattar Marit Eiemo

Dramatikar Mari Hesjedal

Regissør Linn Meyer Kongshavn

Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington

Komponist Mariane Stranger

Lyddesingar Miriam Prestøy Lie

Ansvar for scenisk språkovergang Terje Lyngstad

 

Medverkande

Idun Losnegård

Kyrre Eikås Ottersen

Carina Furseth

Pedr Lauvås