TEATER VESTLAND . Raudhette og ulven

Om arrangementet

Raudhette og ulven – Husnes Kulturhus Dato og tidspunkt for framsyning:   07.12.2022 kl 17:00 Framsyningslengd: Ca 65 min (med atterhald om endringar)

TEATER VESTLAND: RAUDHETTE OG ULVEN

Det var ein gong i ein skog i eit land i ei stove ei lita jente som heitte Raudhette. Her får du møte millenniumsversjonen. 

Heilt åleine må ho gå den lange vegen gjennom skogen med mat til bestemora som er blitt for gammal og skrøpeleg til å ta vare på seg sjølv. Ho må love å ikkje gå av stien, og ho må ikkje snakke med framande, men på vegen møter ho ulven som lurer henne til å tru at han er like glad i blomar som ho. Er ulven berre slem, eller slit han kanskje med sine eigne ting? 

I vår versjon av det urgamle eventyr er det masse gøy og musikk. Skodespelarane dukkar opp med mange forskjellige instrument, og det er fullt band på scena. Scenografien består av ein heil skog, og bestemor bur i ei campingvogn som er litt magisk. 

Familieframsyninga går heim hos alle generasjonar. Både ti-, tretti- og sekstiåringen kosar seg med dei sprelske ablegøyene på scena. Ta med deg heile familien til eventyrland!

 

Regissør Alex Byrne
Regiassistent Elisabet Topp
Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington
Lysdesignar Krystian Myska
Komponist Gregory Hall
Musikalsk ansvarleg Bård Watn
Dramaturg Elisabet Topp og Cecilie Grydeland Lundsholt
Omsetjing Terje Lyngstad

Medverkande Idun Losnegård, Anne Wiig, Katrine Lunde Mackenzie og Bård Watn