Torn & Rose i Eventyrland

Om arrangementet

Teater Vestland presenterer Torn & Rose i Eventyrland Krise! Eventyrland har begynt å miste sin magi og det er like før det blir snipp snapp snute for alle dei underfulle skapningane som bur i landet bortom stjernestøvet. I eit forsøk på å løyse dette problemet inviterer Torn og Rose publikum til omvising i Eventyrland for aller første gong!

Etterkommarane etter ein av Eventyrlands mest kjende dronningar har planlagt ein morosam og actionfylt dag i Torneroseslottet, men underlege ting begynner å skje. Saman med publikum må Torn og Rose kjempe sitt livs kamp for å redde Eventyrland.

På vegen kjem dei til å støyte på gode feer, alvedronningar og magiske havskapningar - og kanskje til og med ein heilt ekte drake?

Familieframsyninga er produsert av Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt. Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei teateroppleving Europa aldri har sett maken til. Trur du ikkje på drakar og feer frå før, kjem du garantert til å gjere det når framsyninga er ferdig!

Høver for alle modige eventyrarar frå 6 til 100 år.

Framsyningslengd: Ca 70 minutt (med atterhald om endringar)

KREDITERINGSLISTE:

Dramatikar og regissør Cecilie Grydeland Lundsholt
Scenograf og kostymedesignar Birgitte Strid
Dramaturg Kristian Lykkeslet Strømskag
Komponist og lyddesignar Johann Prell
Lysdesignar Vegar Angel Andreassen
Videodesignar David Lejard-Ruffet
Prosjektleiar, Glitch Studios Sami Hamid, Tobias Barvik
Animatør Onat Döker
Teknisk rådgjevar, ARShows Isaac Barel
Produksjonsrågjevar, ARShows Sasha Kreindlin
Medverkande Carina Furseth, Peder Lauvås og Idun Losnegård


Torn & Rose er ein samproduksjon mellom regionteatera: Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt.