TV-gartnar i Kvinnherad hagelag
Billetter
Om arrangementet
Tv-gartnar i Kvinnherad hagelag - Ida Kleppe
TV-gartnar i Kvinnherad hagelag
Ida Kleppe, kjent frå NRK-serien «Draumen om eit småbruk» kjem til Kvinnherad hagelag 19. februar for å gi oss sine aller beste tips om kva som skal til for å skapa trivsel i kjøkkenhagen. Denne kvelden vil Ida snakka om korleis du kan få ein frodig og smakfull kjøkkenhage utan å slita deg heilt ut. Ho skal også snakka om dette med å bli lykkeleg av å dyrka. Kvifor opplever så mange lidenskap og lykke når dei grev i jorda og ser frø spira?
Gartnaren Ida Kleppe var den første bybonden i Bergen. I 2020 kjøpte ho og mannen, stordabuen Sverre Brufladt, garden Lundemannsverk på Rommetveit på Stord. Bustadhuset var falleferdig og jorda hadde ikkje vorte halden i hevd på mange år. Seks år seinare er bruket forvandla til eit grønt paradis med nye hus, grønsakåkrar, frukttre, bærbuskar, høns, hest, katt og hund. Draumen om eit småbruk er verkeleg gått i oppfylling for familien på fem – takka vere dugleik, innsikt og arbeidsglede.
Stad: Festsalen i Kulturhuset Husnes
Tid: Torsdag 19. feb. kl. 19.
Pris: 150,- for medlemar, 200,- for andre. Born u/16 år går gratis.
Velkomen til eit inspirerande foredrag!
