Valedamebasar

Billetter

Om arrangementet

Hurra det vert Valedamebasar i år og!

I samarbeid med Kvinnherad kultursenter vil me arrangere årets Valedamebbasar i Festsalen på Kulturhuset. Ved å halda arrangementet i Festsalen vil me ha god plass til gjester samstundes som me kan overhalda gode smittevernsrutinar.

Me har fått inn fantastisk flotte preimiar og lovar ein strålande kveld med underhaldning og mykje (god?) humor.

Skal du ikkje på julebord i år? Kva med å ta dette som årets julebord? Ta med deg nokre gode vener, vær med på ein gøyal kveld og støtt ei god sak!

Det vert sal av drikkevarer og snacks.