Veldedighetskonsert - Kirkens Nødhjelp

Om arrangementet

Veldedighetskonsert - Kirkens Nødhjelp

VELDEDIGHETSKONSERT 2026

I tida før påske er konfirmantane kvart år med og samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon. Sjølve innsamlingsaksjonen, der konfirmantane går rundt frå dør til dør med bøsser, er 22.-24. mars.

Dette året inviterer me også til ein Veldedighetskonsert i kinosalen på Husnes torsdag 19. mars kl 19.00. Overskuddet frå konserten går uavkorta til Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon.

Desse deltek på årets konsert:

  • Rune Eikemo, Camilla Øvstebø & Charlotte Grydeland
  •  Jacoba Njøten Størksen & Anja Njøten Leite
  •  nettothoughts (Anette Kathenes Prestnes, Sindre Johan Didriksen Seljeseth & Erik Thoresen)
  •  Sandvoll Country Duo (Peter Ingebrigtsen & Torill Aurora M Paulsen)
  •  Håkon Ulvenes Yndestad
  •  Rebekka Attramadal 
  •  André Eide
  •  Egil Vaage

Det vert og helsing ved Ordførar Vegard Bjørnevik og nokre av årets konfirmantar deltek.

Dørene opnar kl 18.00. Då er det tid for mingling, info om Kirkens Nødhjelp og sal av popcorn, kule-is, brus og sjokolade.