Vestland, Vestland

Billetter

Om arrangementet

Urpremiere I dette humoristisketeaterstykket "Vestland, Vestland2 får publikum vite ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på.

Kva skjedde på Gulating?

Låg dei tyske keisarane med damene på S-laget?

Går det an å flørte i dalatrekk?

Er det tris når nabosvinet døyr?

Kva har skjedd og kor er vi på veg?

Kort sakt: Kven er vi?

Framsyninga er ei gåvepakke frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teatret til alle innbyggarane i det nye fylket. Ei rekke påstandar, særpreg og historiske hendingar blir presenterte, gjenskapte, diskuterte og avklarte, slik at vi kan vandre vidare saman.

På scena står Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i jord. Finn Tokvam har skrive teksten, inkludert ei rekke songar som er tonesette av Odd-Erik Lothe. Arvid Ones har regien. "Vestland, Vestland" er produsert av Teater Vestland og Det Vestnorske Teatret.

AV  Finn Tokvam

REGI Arvid Ones

LYSDESIGN Krystian Myska

KOMPONIST Odd-Erik Lothe

MEDVERKANDE

Claus Sellevoll

Sigrid Moldestad