Vindmøllekampen - boklansering med Anders Totland

Billetter

Om arrangementet

Dei siste åra har kampen mot vindkrafta gått frå å vera ei lokal sak for spesielt interesserte til å bli ei av vår tids største politiske saker. Ikkje minst viste dette igjen i Kvinnherad, der det våren og sommaren 2019 blei mobilisert enormt i kampen mot vindkraft, sjølv om det strengt tatt ikkje var planlagt noko utbygging i kommunen.

 I arbeidet med boka "Då vinden snudde" har forfattar Anders Totland følgt utviklinga og kampen, og i dette foredraget snakkar han om dei store politiske linjene, dei ulike enkeltkampane som har skilt seg ut, og ikkje minst om dei mange menneska som har engasjert seg.